
Seljord
Velkommen til Seljord
Drøymer du og familien om å byggja og bu i Seljord? Leter du etter draumejobben, eller vurderer du å etablera deg i ei bygd med god plass, sterke fellesskap og rom for nye idear? Då håpar me at du finn akkurat det du leitar etter her på Seljordbu.
I Seljord legg me til rette for både tilflytting og etablering. Målet vårt er å vera eit godt vertskap – og gje deg ein varm velkomst inn i bygda vår.
Velkomen til Seljord – me gler oss til å bli kjende med deg!
Kvifor Seljord?
I Seljord får du eit trygt og godt lokalsamfunn, det er billig og bu og du kan skape det livet du sjølv ynskjer.
Næringsliv
Seljord er handelssentrum i Vest-Telemark og her er eit bredt tilbod innan butikk og varehandel, kultur og reiseliv, bygg og anlegg. Her er også eit aktivt næringsliv med eige næringslag.
Jobb i Seljord
I Seljord finn du spennande moglegheiter i både privat og offentleg sektor, med ledige stillingar for deg som vil utvikle karrieren vidare.
Opplev Seljord
I Seljord kan du oppleva alt frå sjøormen i Seljordsvatnet til utsiktspunkt på fjellturar. Seljord blir kalla for festivalbygda på grunn av dei mange festivalane her på sommerstid.
Fritidstilbod
I Seljord kan du bruke fritida di på å gå turar i skog og fjell, bli med på ein fritidsaktivitet innan idrett og kultur eller bli med i ein frivillig organisasjon eller lag.
Kva skjer i Seljord?
Alt frå teater, festivalar og kunstutstillingar. Kva som skjer i Seljord finn du i arrangementskalenderen her.
.png)


.jpg)



.jpg)
